onsdag 7. mars 2012

Nynorske Novelleøvinger

«OPPGAVE A: Skriv et blogginnlegg der du forstørrer ett av følgende to øyeblikk:
Øyeblikk 1: Du sitter på bussen på veg heim fra skolen en ettermiddag. Du er trøtt etter en slitsom dag på skolen, og du ønsker at det skal være stille rundt deg. Men så kommer to eldre damer på, og setter seg på setene rett bak deg. De er av den meget pratsomme sorten.»

Eg lente hovudet mot vindauget og hadde nesten duppa av da to eldre damer i midten av femtiåra kom på bussen, og som dei skravla! Kjeften gikk opp og att i eitt på ho eine, mens ho andre berre lo og lo, og eg kjende eg blei sliten berre av å høyre på. No sat dei seg ned på seta rett bak der eg sat, og fortsette å snakke og skravle i kjeften på kvarandre og viss ein lukka auga og prøvde å sove var det nesten som to kråker kraka og gneldra. Eg prøvde å lukke ørane mine men skravlinga nådde framleis inn, ei susande gneldring i bakhovudet mitt, og etter kvart innsåg eg at eg berre kunne gløyme å sove på bussturen her så eg sat meg opp for å høyre på musikk i staden, skrudde på fullt volum og endeleg klarte eg å stenge alt gnelderet ute.

«OPPGAVE B: Skriv et blogginnlegg der du ”viser” en av følgende tre ”fortellinger”:
a) Mikal er svært interessert i musikk.
b) Jeg sitter ute på en holme. Det blåser kraftig, og jeg er svært redd.
c) Pizzaen smakte godt.»

Bølgjene trefte skjæra under meg med slik kraft at eg nesten var redd heile holmen skulle rase ut i havet. Vinden og havsprøyten slå meg hardt i andletet, og blåste gjennom alt eg hadde på av tøy heilt til eg var iskald inn til beinet. Eg hadde prøvd å beskytte meg frå vinden med å leggje meg ned bak ein stein og leggje den tynne vindjakka over hovudet, men det hjelpte lite. Med jamne mellomrom reiste eg meg nok til at eg kunne sjå over steinen, og der låg den vesle jolla mi og dyppa uti vatnet, så lita og forsvarslaus, for ho var berre laga av tre og det var bare eit spørsmål om tid før ho blei knust til ved av dei svære bølgjene som heile tida slo mot skjæra. Eg angra som ein hund på at eg hadde dratt ut i båten utan å sjekke vêrmeldinga, men det var lite eg kunne gjere no, og det var ikkje snakk om å gå ned til båten igjen, det var vel betre å berre liggje her og enten håpe på å bli funnet eller håpe på at uveret ga seg.

«OPPGAVE D: Husker du Hemingways seksordsnovelle ”For sale: Baby shoes, never worn”? Skriv to ulike åpninger på historien om dette: én hvor du bruker en presenterende start, og én hvor du bruker ”in medias res”.»

 «Dei hadde lengje gleda seg til barnet deira skulle komme og no, berre to veker til termin, var alt klart til at ein liten baby skulle flytte inn i den vesle leilegheita. På badet sto eit stellebord, dei hadde skapet fullt av babytøy og bleier, og på soverommet sto ei bitte lita voggeseng med gult og kvitt sengetøy og eit par små, lyserosa babysko ved sengekanten.»
«Plutseleg skreik ho ut i smerte, og krøka seg saman til ein ball der ho satt i ein av stolane på kjøkkenet. Da mannen hennar kom inn og fant henne rann det tårar nedover kinna hennar, og ho satt krøka og heldt ei hand hardt rundt den store kulen på magen, og den handa heldt ho under skjørtet og når ho tok den opp var ho full av blod.»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar